Prioritering for styring og likebehandling
Prioritering utgjer eit nødvendig grunnlag for styring og likebehandling av helsetenester. Innføring av gratis «nødvendig tannregulering» som del av offentleg tannhelseteneste for barn og unge er eit nødvendig grep for offentleg styring også av kjeveortopedisk praksis. Utarbeiding av kriteria for prioritering skal basera seg på nytte-kostnadsvurderingar. Eit prioriteringsdokumentet skal vera dynamisk, og blir til, som elles i helsetenesta, gjennom eit samarbeid mellom relevante partar (forsking, utdanning, praksisfeltet etc.). Torbjørnsen er ikkje komfortabel med utfallet av ein slik prosess. Han frykteter ein altfor snever definisjon av kva som er «nødvendig» («for mange bittfeil faller utenfor»), og at dette legg til rette ein parallell privat marknad. Eit slikt scenario skal ein ikkje kimsa av, fordi det ikkje er utenkeleg så lenge styresmaktene unnlet å ta styringa på alvor (t.d. geografisk rettvis fordeling av tilbodet, utdanningskapasitet).
Som tidlegare omtala syner forsking at dagens leveringssystem for tannregulering langt ifrå har lukkast med samfunnsoppdraget om rettvis fordeling, og at tilbodet er både sosialt og geografisk urettvist fordelt. Ein del av forklaringa på dette er nettopp at dagens system opererer med høgst ulike definisjonar av «nødvendige» inngrep. Ein rimeleg hypotese er at dette utgjer ein viktig drivar for unødig tannregulering, og at ei omorganisering med prioriteringsstyring vil bli viktig for å redusera slikt.
Ei gratis ordning der det kjeveortopediske tilbodet er integrert i den offentleg tannhelsetenesta, må nødvendigvis drivast med aktørar både frå offentleg og privat sektor. Her vil det vera organisatorisk viktig å styrka allmenntannlegen si diagnostiske rolle som første ledd i prioriteringsprosessen. Min spådom er diverre at inntoget av internasjonale kjeder (investeringsselskap) med adresse i skatteparadis, vil utfordra samspelet offentleg-privat i område der dei er utbreidde. Businesskonseptet til desse kjedene ser ikkje ut til å harmonera med eit prioritetingsstyrt tilbod.
Torbjørnsen skriv at mitt innlegg «oser dessverre av mistro til privatpraksis». Eit noko patetisk utsegn eigenleg, fordi det må vera vanskeleg å tolka meg slik. Mitt gjennomgåande buskap handlar om den styrelause private marknaden, dvs. i tyding at samfunnet/styresmaktene over tiår har latt denne marknaden fått utvikla seg utan offentleg kontroll av etablering, pris og kvalitet. Av slikt var det sjølvsagt ikkje anna å venta at resultatet generelt blei sentralisering og overkapasitet, noko som både forsterka fordelingsproblem og risiko for unødig/skadeleg praksis. Basta. Og så lar me «salige» Hasund leva i fred.